28. februar 2012

det var berre ein draum...

Å drauma er vel noko eg har skrive om opp til fleire gonger. Å drauma kan vera noko fint, det kan vera slitsomt, det kan vera skummelt. Det kan vera den tingen du ser fram til, eg gler meg ofte til å legga meg, å drauma, men nokon perioder gler eg meg ikkje. Drauma kan vera vonde, og dei kan vekka vonde følelsa.

For tida er draumane mine ikkje noko å sjå fram til. Dei skremmer meg, sjølv om eg veit det ikkje er verkeleg. Eg vaknar, med hjartebank, hovudverk og snakkar høgt med meg sjølv. I det sekundet er eg glad for at det berre var ein draum. Draumane kjem frå underbevisstheita di, og nokon gonger så lurer eg på kva som går føre seg i mi underbevisstheit når eg klarer å draume slike ting. Eg forstår det ikkje. Men igjen så er eg glad for at det berre var ein draum.

Draumar skremmer meg for tida, eg kan gå heile dagen å tenkje, 'tenk om' , 'tenk hvis', men innerst inne så veit eg jo. Det var berre ein draum.

Andre gonger så vaknar eg, og ynskjer at eg berre kan draume vidare, eg legg meg ned igjen og håpar at eg kan 'fortsette' på den samme draumen. Draumar kan vere veldig fine, ting som ein veit ikkje er mogleg i den verkelege verda kan vere verkelegheit i draumane dine, menneske du veit aldri vil komme tilbake kan vere rett der, i draumane dine. Då er det ein fin, men på ein annan måte ein draum som får fram vonde følelser.

Draumar kan vere vonde, draumar kan vere gode. Dei kan få fram glede, dei kan få deg til å føle deg spesiell, dei kan få deg til å føle deg redd og aleina. Men eg ville aldri vore forutan dei.

26. februar 2012

ting tar tid.



Eg ser tilbake på gamle innlegg. 'gamle' innlegg. Såg på kommentarane eg fekk frå anonyme folk, og eg såg på alt eg har skrive opp igjennom. Har jo hatt bloggen lenge no, og aktiviteten har vel vore opp og ned.

Når eg les det, så angrar eg ikkje på noko av det eg har publisert. Eg kjenner igjen følelsane eg skreiv om den gongen, på kroppen min. Her og no. Idag. Eg føler meg ikkje tom, eg føler ikkje at eg har lyst å gi opp lenger, ikkje kvar dag. Ikkje heile tida, men nokon gonger. Det ligg der, og eg blir nok ikkje kvitt det enno.



Slik livet er idag er ikkje kvar dag like tøffe som dei var for eit år tilbake, men eg merkar at livet framleis ikkje er enkelt. Eg merkar på heile kroppen at det er noko som ikkje stemmer. Noko eg ikkje kan styre, men som eg likevel har litt meir kontroll på, enn før. Eg kan ikkje beskrive korleis eg har det akkurat no. Eg har ikkje nokon ord som passar inn, men det kunne vore verre.

Eg har i alle fall verdens beste kjæreste, famile, venne....
det er eg glad for.


Ein dag skal eg slå ut i full blomst. èin dag.

23. februar 2012

push the button

Skrivesperre.skrivesperre. Men tankane er på plass, som vanlig.
Driv for fult med eksamenslesing, men syns det er veldig vanskelig, i tillegg er det veldig vanskelig å konsentrere seg, føler at tankane kjem veldig i vegen, og det gjere meg distrahert og veldig sliten. Nokon gonger skulle eg ønska eg kunne skru av tankane mine, og skru på ein knapp som gjorde at eg berre skulle fokusera på èin bestemt ting, men slik er det ikkje. Desverre.

Eg har funne senga, og sett på ein film. I morgo har eg køyretime kl halv ni, så det er vel lurt å få seg litt søvn, I guess.

Q; korleis går det med dikka? gjort noko spesiellt idag?

17. februar 2012

Da var det helg. Skal vere heime ei veka no, lesing til eksamen. Har mykje å lesa, men gler meg til å komma skikkelig i gang.

Idag føle eg meg heilt tom, føles ut som om eg ikkje har sove på ei veke, og kroppen min er heilt utslitt. Hovudet mitt òg. Eit skeivt ord og tårene kjem. Ein tanke og eg knekk sammen. Kvifor er det slik? Sliten.com.

Trur det er best å berre sove. Det blir alltid bedre neste dag.

See ya.

16. februar 2012

15. februar 2012

Another day like that

Onsdags kveld og eg & Marita chilla i kvar vår soffa i Førde. Dritt vêr som vanlig.
Har faktisk fått masse ut av dagen idag. Faktisk ! Eg & Kristina har laga ein plan, og lagt til rette alt som ska til, og det er noko eg gleeeer meg til. wiwii! Møtte først idag opp til ein time på skulen som hadde blitt avlyst. Great. Har rydda, støvsugd, vaska kle, handla, trena og lest antomiiii. No kjenne eg at det snart er på tide å legga seg, og gjett om det skal bli gooodt!

Skulen kl ni i morgo, så fullpakka program imorgo òg, men det er fint, så går dagane fortare.

Har ikkje så mykje å komma med idag,men ville berre legga inn eit spor. See ya!




MaRETARD & me.




Q : kva har DU gjort idag?

13. februar 2012

eg vil ikkje tilbake dit.

Nokon dagar stoppar alt opp. Du føler deg tom, men likevel utmatta. Sjølv om du ikkje har nokon grunn til å vere sliten, egentlig.
Nokon gonger føler eg at det einaste eg har lyst til er å ligge, i ei seng, aleine, å hyle. Skrike. Få ut absolutt alt som har samla seg der inne. Men det hjelp ikkje. Berre akkurat der og da.

Etter kvart lærer ein kroppen sin å kjenne, ein legg merke til signal som kjem, og ein forstår, sjølv om ein eigentleg ikkje forstår, at no. Ja no kjem mørket.
Nokon dagar ynskjer eg meg tilbake til barndommen, og eg fryktar alderdommen, medan andre dagar tenkjer eg at tida kunne ikkje gått noko saktare.
Nokon dagar stoppar alt opp, og eg vert redd.
Skal eg no, enno ein gong, tilbake ‘dit’. Til mørket.

12. februar 2012

Dear grandma.

Me hadde fine daga sammen. Fine år.
Me diskuterte, me lo, me grein.
Eg kunne fortelja deg alt, og du var oppriktig interessert i det eg hadde å fortelja. Uansett.
Hugsa så godt me sat å såg på gamle bilete, minner. Du fortalde, eg hørte på.

Du passa alltid på meg, du passa på alle i familien. Kvar dag, heile tida.
Du ringte meg ofte dersom det hadde gått ei stund sidan sist me snakka, og hvis eg ikkje tok tlf, la du att mobilsvar meldingar til meg.
Skulle ønska eg framleis hadde dei, så eg kunne hørt stemma di, èin gong til.

For meg er du, og vil alltid vera ein helt. Eit forbilde.
Du hadde tre ungar, men var på mange måtar mor til så mange fleire.

Eg tenkje på deg kvar dag, og eg lova, eg skal gjera deg stolt.

10. februar 2012

Stupet.

Du står å ser ned stupet, du veit at snart dett du ned.
Du føle deg svimmel. Kvalm. Redd.
Du let att augene dine og venta på at du skal detta, langt ned.

Du stekke ut ei hand, så langt du klara.
Med frykt i blikket.
Du strekke ut ei hand og du håpa så inderlig at nokon kan redda deg fra stupet.

Ingen tek handa di.

22. januar 2012

Forvirrande følelsar.

Eg hata følelsen av at du føler at du held på å bryte totalt sammen, men du greier ikkje setje fingen på grunnen. Du klarar ikkje finne nokon ord i heile verda som kan beskrive kvifor du føler at heile verda skal rase sammen, og dra deg med i undergangen. Følelsen av å vere heilt tom, ufattelig sliten samtidig som du ikkje har nokon grunn til å vere sliten. Eg hata den følelsen.

Eg hata følelsen av å vere sint, følelsen av at alt er irriterande og feil, og du merkar etter kvart at det kun er i ditt eige hovud det er sånn. Følelsen av at uansett kor hardt du prøver, så blir det aldri godt nok. Følesen av å ikkje strekka til.

18. januar 2012

Da var eg heime igjen, og det er så godt. Ha vore på skulen mandag, tirsdag og onsdag og i morgo og fredag er det studiedag. har veldig mykje å lesa no, fram mot eksamen, men det er litt spennande òg igrunn. Og eg tenke heile tida at hvis eg klara detta, så har eg faktisk ein utdannelse. TENK DET! Eg skal klare det, eg skal stå på heile vegen, og eg skal klare det! For ein gang skuld skal eg klare akkurat det eg vil. Draumen min. Eg skal!

På mandag får me huset me har venta på I Førde og da får eg internett, så da blir det litt meir blogging. No skal eg og min kjære sjå Hotel Cæsaaar :)

Ha ein fin kveld folkens! :)

13. januar 2012

valg, tilpassing og alt på ein gong.

Fredag, fredag den 13 faktisk, men eg har tru på at det skal bli ein bra dag! Har studiedag idag, er heime hos min kjære, og om ein times tid skal eg & Kristina nedover å møte Maria, som eg ikkje har sett på... eg veit ikkje, lenge! Me gjekk i samme klasse på videregåande, og var mykje sammen, så no blir det kjekt å endelig møte ho igjen. (thumbs up!)

Eg er egentlig i litt tenke-modus for tida, spesiellt når eg er i Førde, det er ikkje så lett å komme til ein heilt ny plass, få mange nye folk og ting å forholde seg til, og prøve å fungere så normalt som mulig. Eg føler eg får veldig god tid - alt for mykje tid faktisk, til å tenkja på ting eg helst vil legge vekk. Er og i avslutningsfasen med psykologen min, i og med at eg har flytta til Førde. Fekk spørsmålet; vil du bli overført til Førde? altså ha ein å samtale med der, men på ein måte føler eg at eg ikkje treng det, men likevel er det så veldig skummelt, fordi eg er så vandt med å alltid ha èin person eg kan gå til, ein utenforståande. So, I have to think..

No stikke eg å fikser håååret, så ut med vennene mine. See ya!

10. januar 2012

Here I am!

Hei alle sammen. No har eg vore vekke ei stund, har ikkje eigentleg nokon grunn til det, men det vart berre slik. No har eg begynt på sjukepleien i Førde, føles egentlig godt å vere tilbake på skulebenken, og eg gler meg til å komma skikkelig i gang, og til å læra mykje mykje.

Ellers er livet eigentleg bedre enn nokon gong, og eg har det veldig bra. Nokon gongar kjem tankane veldig sterkt til meg, og nokon dagar er veldig tunge, men slik har vel alle det? Eg ser føre meg at 2012 blir eir bra år, eg håpa i alle fall det.

Så, eg ligg langt bak når det gjeld å oppdatera meg på bloggane til alle sammen, og det tek nok ei stund før eg kjem inn i det igjen, men korleis går det med dikka alle sammen? Nokon mål for 2012`?

24. oktober 2011

Det er ikkje ok.

Eg føler meg svakare enn nokon gong, og eg klarar ikkje heilt å ha hovudet på rett plass til rett tid. Eg føler heile verda rasar sammen i ein forferdelig fart som eg ikkje kan styre over hovud, og det skremmer meg, det skremmer meg veldig. Lenge har det gått veldig bra, eg har hatt mine opp og nedturar, men no merkar eg på heile kroppen at det er noko som er 'på gang'. Draumane mine. Energien min. Likegyldighet. Eg veit ikkje. Eg prøver, og eg prøver og eg har verdas beste kjæreste som trøstar meg om eg gret midt på natta, men likevel er eg ganske redd, og veldig veldig sliten. Det er kanskje årstida? Mørket? Andre ting. Eg veit ikkje. Eg veit berre at noko har kontroll over meg, noko som eg ikkje har kontroll over. Det er ikkje ok.

21. oktober 2011

Tjue år er lang tid.

I går, 20 oktober var det 20 år sia du reiste fra oss, Mamma. Tjue år er lang lang tid, og sjølv om eg ikkje hugsa det er det ei spesiell tid, ein spesiell dag. Ein tung dag. Eg tenkte mykje på deg i går, og eg tenkjer mykje på deg spesiellt på denne tida, og eg tenk meg sjølv ofte i å tenkje på korleis ting ville vore dersom at du hadde vore her no, eller dersom du hadde vore her litt lenger slik at eg kunne blitt kjendt med deg, men eg veit at det ikkje er mulig, du er vekke og slik er det. Det er tungt, men det er den harde virkeligheten. Den tunge sannheita.

20 år! Eg er 20 år, og eg har levd lenge. Men likevel, eg tenkjer på deg kvar dag og eg veit at det er mange som saknar deg, og tenkjer på deg. Det er litt godt òg, eg veit at du aldri vil bli gløymd.

Eg elskar deg, Mamma, og eg tende mange lys for deg i går.

10. oktober 2011

den nye 'folkesjukdommen'?

Eg tenke, og eg kan faktisk hugsa sist eg skada meg sjølv, men det er lenge sia, veldig lenge. Det er faktisk 5 mnd sia eg hadde ein liten sprekk, og det nærma seg eit halvt år. Det er fantastisk å tenka på, og eg er faktisk ganske stolt over meg sjølv. Fortsatt tenkje eg eindel på det, og ofte når eg blir opprørt så veit eg ikkje korleis eg skal stoppe det, for eg har alltid brukt min eigen destruktive strategi. Nokon gonger så tenkjer eg på kven som eigentleg kom opp med 'idèen' å skade seg sjølv, og plutseleg var det spreidd over alt. I heile verden.

Eg hugsa første gangane eg hørte om det, og eg syns det var heilt sjukt, og eg kunne virkelig ikkjje forstå at folk kunne finne på å skade seg sjølv fysisk for å takle psykisk motgang. Men etterkvart forstod eg det, og på 'den tiden'var det eigentleg ikkje så omsnakka, men ganske raskt var det noko alle kjende til, og ein psykolog sa til meg ein gong at 'alle kjenner nokon som skadar seg sjølv - eller i alle fall kjenner nokon som kjenner nokon'. Og slik er det. Det er vanleg. Nesten som ein folke'sjukdom'.

Kvifor vart utviklingen slik? Kvifor går ting så langt?
eg er sjølvsagt sjeleglad for at det har blitt meir åpenhet om psykisk helse dei siste åra, og eg skammar meg ikkje lenger om å skrive om ting som har vore og er vanskelig for meg, for det er heilt normalt at livet ikkje alltid er på di side.

Uansett, idag er det verdensdagen for psykisk helse, og folkens; ta vare på kvarandre. Ta vare på deg sjølv, og ver åpen.

8. oktober 2011

Helg, cola, kos og eit hovud som ikkje samarbeidar

Hei igjen alle sammen!


No sit eg godt tilbakelent i godstolen, ser på film, drikk cola og et popcorn! helg? JEPP! And I like it. Var på jobb fra sju til tre idag og seinvakt i morgo så no skal eg nyta kvelden og sova til eg vakna i morgo. Digg. Ellers er tankane litt i vegen, og eg veit ikkje heilt korleis eller kva eg skal gjere for å takle dei, men eg berre prøver å skyve dei vekk så godt eg kan, slik at det ikkje skal gå utover alle rundt meg, for slik har det blitt. Eg har ikkje lyst å vere ein person det er slitsomt å vere sammen med, fordi eg er 'sur' , irritabel, osvosv. Eg har lyst å vere den eg egentlig er, eg har lyst å vere morsom å vere ilag med, eg har lyst å vere den blide som smiler heile tiden, og som alltid har eit svar på lur, men eg får det ikkje til. Ikkje når tankane går til krig mot meg.


MEN. Eg klara meg. I always do.


So, Kva har du gjort i dag?


Me and my beautiful sister :)

6. oktober 2011

Dagane går, som eg brukar å skrive, og eg har ikkje så mykje å komma med idag. Nokon gongar følest det som om livet står stille, og eg tenkjer ofte at eg skulle gjort så mykje meir, ein veit jo aldri korleis livet snur seg. Men, sånn går no dagane. Idag har eg faktisk fått gjort eindel, kvalitets tid med Henriette, trening, brødbaking,klesvask og chill i god stolen. Fin fridag, eller hur?

I morgo er det arbeidshelg igjen, fra fredag til og med mandagskveld, men det er greit. Kan sova leeenge i morgo da, for skal ikkje på jobb før kvart på tre, og det er alltid godt! Søvn er det beste som finst, det er eg heilt sikker på!

No ser eg på 'torsdagskveld fra Nydalen', og venta på min kjære. Kva gjer dikka på i kveld folkens?

3. oktober 2011

Secret # 23

- Eg føle meg heilt tom, samtidig som eg føle meg heilt full. Make sense?

28. september 2011

im full

Nokon dagar føles det ut som om nokon har sugd ut absolutt all livsgleden og energien din i løpet av nokon få sekund. Da er alt tungt, det er tungt å tenkja på å stå opp, tungt å tenkja på å gjera noko i det heile, og du har berre lyst å legga deg ned å hyla! det er tunge dagar. Det er forferdelig, og det føles ut som om det aldri skal bli noko bedre. Men det blir det. Right?

Eg trur nok at det har noko med årstiden å gjere at eg føler at alt er dritt, for det brukar som regel å vere slik på denne tiden av året. Kvart år. I år er ting litt annleis, og eg føler med meg sjølv at eg har litt meir kontroll over meg sjølv enn eg har hatt på mange år, men likevel så er ting forferdelig tunge, og eg veit nesten ikkje korleis eg skal takle alt sammen, på ein 'ikkje destruktiv' måte, slik eg er vandt til. Eg veit ikkje. Ana virkelig ikkje.

Verden er så stor. Eg har så mange spørsmål. Om livet. Om døden. Om alt. Akkurat no er hovudet mitt fullt. Heilt fullt.